Julefjøs på Snøtun.

I dag har me vore på Snøtun dar Gunnhild hadde laga til utstilling og sal av gamle og nye ting i fjøsen. Hege, Sigrid og Arne hadde aktivitetar som riding og skileik med ungane. Det var ein triveleg stund med kaffi, gløgg og gode kaker. All ros til Snøtunsfolki for eit flott tiltak, dei er i allefall ikkje redde for å lage seg arbeid. Kanskje kan det verta eit årleg tiltak som fleire av oss kan henge seg på……..

Sauahovelag.

Fredag 13 var det sauahovelag på hotellet. Det var nok ein del som ikkje hadde smakt denne matretten før, men var likevel tøffe nok til å prøve det. Ja ja , det var no ikkje alle som torde prøve, men det får gå for denne gongen. Håpar at alle tykte det var ein triveleg kveld og så får me sjå då kva rett det blir neste gong.

Rupeungane.

Eit flott musikkspel der dei viser friarferd over breen. Godt jobba!

Meir frå Kappleiken.

Har vore litt sløv med blogginga no, men her kjem litt meir bilete frå kappleiken av flinke lokale utøvarar.

Vestlandskappleik

Her er nokre bilete frå konserten og sleppet av minneplata til Sjur Hesjevoll.

Vassfaret – Langedrag

Det er nok ikkje rein i Bakkemarki, heller ikkje bjørn i Bergsetdalen. Bileta var nok frå Vassfaret og Langedrag. Her er nokre fleire bilete frå turen.

Meir Blåe tonar.

Laurdagen var det duka for endå meir flott musikk. Alt i alt var det ei kjempe flott helg, det kan vel alle vere enige om…….

Blåe tonar.

Årets Blåe tonar er over med mykje flott musikk. Her er nokre bilete frå fredag.

Bjønn

Dette er eit flott dyr! ( Bergsetdalen)

Reinsdyr

Ikkje berre elg og hjort i Bakkemarki.