Gratulerer!

Denne karen har jubileum i dag. Me i Bakken ynskjer han til lukke!!

Meir jubileum.

Her er nokre bilete frå søndagen under gudstjenesta med dåp og middagen i samfunnshuset. Legg merke til jubileumskaka laga av Bente Haugen Yttri. Den var både flott og god!

Bokslepp.

Når det er kyrkjejubileum må det og lagast ei bok om kyrkja.  All ære til forfattarane, dei har gjort ein innponerande jobb.

Jostedal kyrkje 350 år.

Her er nokre bilete frå turen frå Sperle til kyrkja med stopp i prestgarden der Medhusungane fortalde litt om oppveksten sin der. Etterpå var det kyrkjegardskaffi og omvising i kyrkja.

Dugnad på kyrkjegarden.

Her er nokre bilete frå dugnaden på kyrkjegarden i vår. Som vanleg var folk flinke til å møta opp.  Dei veit at det er ein del å rydda opp i etter vinteren. Og så er det kaffien og kakene då, og ikkje minst det sosiale.

Endeleg på plass att…..

…..og sidan det framleis er folk som spør etter kva denna store fuglen gjorde frammi her. So legg eg ut nokre bilete som viser bregruppa i øving med Sea Kingen. Du ser m.a. Roger og Anne Marte i vinsjen.

Bakken bada i sol!

 Slik har me hatt det heile denne godversperioden. Den kortaste dagen skein sola i 1 time og 15 minutt. Slik har det vel ikkje vore alle plassar, men tru meg, det er fint!!  Så får de no komme etter når det lir ut på våren ein gong.

Kurs i felespel og song.

Sist helg hadde spelemannslaget sitt tradisjonelle kurs i felespel og song.  Dyktige leremeistrar var Håkon Høgemo og Kari Malmanger.  Om kvelden var det ein flott konsert med dei to. Det hadde nok vore plass til meira folk. Etterpå var det dans og dei lokale felejentene var med og sytte for musikken.

Ynskjer alle….

Til brukarane av Bakkeblogen